torsdag 12. februar 2015

Quiltemøte mandag 16 februar kl 19.00 på Soltua

Så er det Quiltemøte igjen, ein måned går sannelig fort. Sidan sist Quiltemøte har det vore årsmøte i Florø Husflidslag så det vil sei at det har blitt forandringer i styret i gruppa. 
Det nye styret ser no slik ut : Solfrid Fløholm, Linda Sande og Oddveig Brendø. Vi ynskjer dei lukke til til i styret. Sigrun og Laila takker for seg i styre samanheng.
Denne mandagen har ikkje noko spesiell aktivitet på programmet. Tanken er at det skal vere ein inspirasjonskveld, du tar med deg det du held på med, vi har mange flotte bøker og blader du kan sjå i og få inspirasjon av. Har du noke som du har laga så ta det med deg og vis oss, alltid kjekt å sjå kva andre puslar med heime. 
Skulle det vere slik at det er noko du skulle hatt litt hjelp til, nokon nevnte sist at det å sy glidelås i puter, vesker, mapper o.l var ikkje så lett, ta det med så er der heilt sikkert nokon 
som kan veilede deg. 
Vertinner denne mandagen er Vigdis Kilvik og Bente Stolt Steinset og utloddningssjefen er på plass med flotte gevinster som vanlig. 
Då ser vi fram til eit kjekt og inspirerande Quiltemøte mandag 16 februar. 

Velkommen! :-)

Legg ved eit bilde som bærer bud om vår :-) den er like om hjørnet.