tirsdag 27. august 2013

SYVAKE
Alt førstkomande  fredag skal vi ha syvake. Lurer du på kva det er?
Vi skal samlast kl 18 på Soltua og så syr vi utover kvelden så lenge vi vil.
Der skal vi arbeide med ulike ting. Nokre vil sy teppe/gevinst til Vestlandstreffet 2014 , som vi skal ha her i Florø. Men ellers syr ein det ein vil , gevinst til husflidsmessa, Vestlandstreffet eller rett og slett noke til deg sjølv. Valget er ditt!

Det overordna målet for kvelden er at vi skal ha det kjekt i lag . Alle tar med seg ein liten rett/tapasrett for noko av det viktigaste er god mat når vi samlast slik . 
Vi vil denne kvelden ha ein liten utloddning med fine gevinster slik at vi har litt til husleiga . 
Da håper vi at du kjem og tar med deg ditt gode humør :)

onsdag 14. august 2013

QUILTEMØTE - Mandag 19. august

Mandag 19. august kl 19.00 er det quiltemøte på SOLTUA,Gaddevåggt 4 J

August er her allereie og det er tid for å starte oppatt med Quiltemøtene.
Det er styrets kveld denne kvelden. Du kjem til å få utlevert ein matrialpakke
som inneheld alt du treng for å lage det vi skal lage. Du treng å ta med deg:
symaskin, vanlege sysaker, tråd som passer til alt (potetfarge) og godt humør.
Vi skal ellers kose oss med god mat og god prat J
Solfrid har og ordna med gevinstar så det vert utloddning J
Då håper vi at du kjem og vert med oss denne kvelden, både du som har vert
der før og du som er ny og har lyst å sy og vere med i fellesskapet. Du må ikkje vere
medlem i Husflidslaget.

Vi seier velkommen til ein triveleg kveld i lag med likesinnaJ
Styret

søndag 4. august 2013

Velkommen





På denne bloggen vil vi legge ut informasjon om Vestlandstreffet 2014  etterkvart som vi får ting på plass.

Treffet skal vere i Florø i oktober 2014.

Klikk på sidene, så vil du sjå kva vi har fått på pass. Det vil og komme innlegg med nye detaljar etterkvart som vi får dei på plass.

Du er velkommen til å komme innom og sjå kva som skjer.





Stabben Fyr sydd av Laila Berge





Vi vil og legge ut informasjon til medlemmane i quiltegruppa.

Det vil seie info om medlemsmøtene, kurs som kjem m.m.

Denne infoen finn du på sidene Quiltegruppa og Kurs for quiltegruppa.

Vi håpar du tek turen innom igjen!


                                                                                




                                                                                                                                    Modellar til sy-helga 2012, sydd av Kari Witsøe, Solfrid Fløholm
                                                                                                                                    og  Solveig Rønnekleiv Helle.