fredag 25. oktober 2013

RESTEKASSA



På sist quiltemøte som var på mandag 21 oktober var tema dypdykk i restekassa.
Alle hadde med seg ein pose full av restar i alle slags farger og fasonger.
Trur nok det var ein del lapper som skifta eigar i løpet av kvelden og at eigaren plutselig etter andre sine kommentarar såg på restelappane sine med nye auge
Det var iallefall ein trivelig kveld i lag med mange trivelige lappedamer.
                                                                                                                                 



Her bruker vi lappane  som de er stort sett og frihåndsquilter over og deretter pynter vi litt med forskjellige sømmer, bånd og det vi måtte ha lyst til.
Absolutt ein kjekk aktivitetet.

 Her er det nokon som allereie er begynt med quiltinga :-)

På torsdagen fikk eg sjå og teke bilde av ei flott lita veske som var blitt ferdig.

Som de ser så er den blitt pynta med hjerter og blitt
riktig så flott. 

Ta deg ein titt i restekassa di , du kan lage mykje fint av det som du har der. 



Kveldens vertinner hadde laga eit fantastisk flott bord med 
masse gode oster, kjeks og frukt på. 
Eit nydelig måltid var det der vi fikk litt referat frå dei som hadde vore på Vestlandstreff i Molde.

torsdag 10. oktober 2013

QUILTEMØTE MANDAG 21 OKTOBER KL 19.00 PÅ SOLTUA

DYPDYKK I RESTEKASSA  er aktiviteten denne mandagen. Å sy frå restekassa er veldig kjekt. Denne dagen skal vi sy toalettveske, pute, kuverbrikke eller lignende. 

Her er eit eksempel på toalettveske sydd av rester frå restekassa.
Bitane kan vere avlange, runde, trekantar, utklipp frå ting du har klipt ut ,kanskje har du ein rest frå eit stripesett, nokre litt store, andre små ja egentlig alt mulig. Du må aldri kaste restane dine.

Du må ta med: 1 brødpose med rester
                         platevatt ca 40 x 60 alt etter kva du tenke du skal 
                         sy
                         litt vlisofix
                         sytråd som passer til de fleste stoff  f.eks. offwhite, 
                         linfarge, svart, rød ol.
                         for /bakstykke , like stort som vatten
                         glidelås om det er veske du skal sy
                         symaskin m/stoppefot
                         vanlige sysaker
                         
Trur dette blir ein kjekk kveld . Har du ikkje restar heime så kom alikkevel, vi deler med kvarandre og der er no ein del der og. 

Kveldens vertinner er Solveig Sørbø og Elin Magnussen
Solfrid har kontroll på loddene og gevinstene også denne dagen. Etter at ho har vore på Vestlandstreff i Molde har ho sikkert noko spennande i pakkane sine. 

her er ein variant av ei resteveske, som du ser er lappane i mange forskjellige størelser og fasonger.
 
Da er du hjertelig velkommen til Quiltemøte!

styret