Sola skin og det er sommarvarme, deilige dager som ein berre må nyte mens ein har dei. :-)
Det er sån ca akkurat 4 månader igjen til Vestlandstreffet, som i år skal vere i Norges vestligste by, FLORØ, helga 10 - 12 oktober. Påmeldingane har strømma inn men der er fortsatt ledige plasser på fleire av kursa. To kurs har vi sett oss nøydde til å avlyse fordi dei fikk forlite påmeldte, og eit kurs er fullt.
Skulle det vere nokon som ikkje har meldt seg men som likevel kunne tenke seg å vere med er det bare å melde seg på sjølv om fristen er ute, vi tar imot påmeldinger så lenge der er plass.
Det vil også komme eit dropp-in kurs på laurdagen, har ikkje lagt det inn for det er ikkje heilt klart enda, men det blir handsaum på det kurset. Dette kurset melder du deg på på laurdagsmorgon når du kjem til treffet og registrerer deg. Alt du treng for å gå på kurset får du i ein matrialpakke som du får kjøpt når du kjem på kurset.
MIMRE - ein liten gjenbruksbutikk! Det er to voksne damer frå Førde/Naustdal som står bak og som har stor intresse for gjenbruk.
Dei seier om seg sjølve: Vi er to voksne damer som har vore intressert i gjenbruk i mange år. Vi har samlet brukte klær i mange år med tanke på bruk i tepper ol. Etterkvart har tankene om å prøve oss med salg av stoffa komt. Vi har vaska, stroke,kutta, klippt, sortert og laga stoffpakkar og ruller i lange baner og meiner sjølv at vi har eit godt produkt. Vi liker å prove ut nye ideer og bruksområder på stoffa og utnytter gjerne detaljer i klærne. Dei har dreve med lappeteknikk i mange år.
Vi syns dette virker spennande og ynskjer MIMRE velkommen til treffet.
Treffet er åpent og for deg som ikkje er påmeldt på noko, der vil vere stor utstilling av quiltearbeid og mange butikkar du kan handle i og kafeen er åpen heile laurdagen og søndagen. Der vil vere salg av lunch, rundstykker og masse gode kaker og kaffi.
Kanskje du skulle legge turen til Florø den helga og ta turen innom.............. treffet foregår på Flora Ungdomsskule, glassgata.
Då ynskjer vi deg velkommen til VESTLANDSTREFF 2014 - 10 - 12 oktober !!
lørdag 14. juni 2014
mandag 12. mai 2014
QUILTEMØTE MANDAG 19 MAI KL 19 PÅ SOLTUA
Sommaravsluttning.
Quiltemøte mandag 19 mai kl 19.00.
Trykk på Quiltegruppe knappen over her og finn meir informasjon der.
Gleda oss til å sjå deg!
Styret
onsdag 16. april 2014
QUILTEMØTE TIRSDAG 22 APRIL
OBS!!! OBS!!!!
Det vert quiltemøte tirsdag 22 april denne gangen. Staden er Soltua kl 19.00. Klikk på Quiltegruppe knappen over her så ser du kva du skal ha med deg.
Påskehelsing styret
mandag 10. mars 2014
Quiltemøte mandag 17 mars
For å kunne sjå kva ein treng å ta med seg til neste quiltemøte klikk på Quiltegruppe knappen over her så vil du finne informasjonen der
lørdag 1. mars 2014
VESTLANDSTREFFET 2014
Da vil du under de forskjellige knappane, Program, Kurs, Butikker, Påmelding og Overnatting finne den informasjonen du treng om Vestlandstreffet 2014.
Håpar du finn programmet og kursa intresanne og melder deg på. Vi gle oss til å sjå deg på treffet som i år skal vere i Norges vestligste by Florø.
tirsdag 18. februar 2014
ENGLER I ALLE STØRRELSER
Mandag 17 februar var vi samla til quiltemøte, temaet var engler i alle varianter. Lillian losa oss trygt gjennom englesyinga. Denne gangen var vi tilbake på gamle trakter, Kreativiteten, ein god opplevelse
![]() |
| Her er litt av utgangspunktet for englesyinga |
![]() |
| Kroppen er ferdig stappa og beina skal syast på |
![]() |
| Her blir det sydd ein mini engel, stapping av beina pågår |
![]() |
| Miniengelen som var under arbeid i forrige bilde er nesten ferdig |
![]() |
| Lillian hadde med mange forskjellige engelar til inspirasjon og glede for oss andre |
![]() |
| Inspirasjon, mange flotte engler og dukker |
![]() |
| Menyen i kveld var svele med brunost og nokre med smørkrem. Smakte kjempegodt. |
![]() |
| frukt blei også servert Ein triveleg kveld i lag med triveleg damer. Takk damer, kjekt å sjå kvar ein av dokke. Neste medlemsmøte vert på Soltua 17 mars kl 19.00 |
mandag 10. februar 2014
QUILTEMØTE MANDAG 17 FEBRUAR KL 19.00
OBS! OBS! Denne kvelden blir møte på KREATIVITETEN .
Vi kan desverre ikkje vere på Soltua fordi dei skal pusse og lakke golv . Det er veldig dumt at det traff slik men vi har då lånt Kreativiteten for der er utstyr som vi treng, strykebord, strykejern, linjaler, matter osv. Godt å sleppe å dragse med seg alt dette.
Eg skal passe på og sette på varme sån at der blir varmt og godt. Håper dette er greit for alle, dei har jo utbetra ein del der ute i det siste.
![]() |
| Ein heil flokk er samla her. |
![]() |
| Ein litt større variant |
Abonner på:
Kommentarer (Atom)












