fredag 16. januar 2015

QUILTEMØTE

Nytt år og nye muligheter ! 
Quiltemøte mandag 19 januar kl 19.00 på Soltua, Gaddevåggt 4 .

Denne gangen får vi besøk frå Førde, det er Mimre som kjem . Mimre består av to damer som har fått sansen for gjenbruk. Dei vasker, stryker, skjerer og bruker sin kreativitet på å bruke alt på ei gamal skjorte f.eks. Dei var med på Vestlandstreffet med butikkstand og hadde to dropin kurs på lørdagen. Etter tilbakemeldingane å døme var det to kjekke kurs, alle gikk heim med eit ferdig produkt. 

Denne mandagen kjem dei altså til oss og vi skal få sy ei lita veske, ja eg har nok vesker tenkjer du men det blir vel aldri formykje av det, det er mange duppedingser som kan oppbevarast der. 
Dei har med matrialpakke som er halveis sydd, det som gjenstår er handsaumen og den skal vi då sy, så dette blir ikkje ein ufo etter møte men du går heim med eit ferdig produkt. 
For denne pakken betaler du kr 100.- og så betaler laget resten. 
Det du må ta med deg er synål, saks osv. slik at du kan utføre litt handsaum. 

Ellers vert det kaffi og noko å bite i, det er styret som denne gangen er vertinner. Solfrid har klar gevinstane så det vert loddsalg med fine gevinstar. 
Då håper vi at vi  ser deg på mandag til ei triveleg stund ilag med trivelege folk. 
Velkommen!

Styret

torsdag 4. desember 2014

fredag 14. november 2014

fredag 17. oktober 2014

Quiltemøte

Mandag 20 oktober kl 19.00 er det Quiltemøte på Soltua. Klikk deg inn på knappen Quiltegruppa
over her og du  finn du meir informasjon ...........
Utsnitt av ein juleduk som var utstillt på Vestlandstreffet 2014

Vestlandstreffet 2014

Vestlandstreffet 2014 er over  og klikker du deg inn på knappen Vestlandstreff over her vil du finne ein del bilder frå treffet 
Dette er ein modell frå butikken Til Kathrines Quiltestur

onsdag 17. september 2014

VESTLANDSTREFFET 2014

Da er det snart berre 3 veker igjen til det braker løs. :-)

Skulle du ha lyst til å vere med  men ikkje har meldt deg på enda så er det berre å ringe tlf  98618881 så fikser vi det.
Der er ledige plasser på nokre av kursa enda så mulighet for å vere med er der fortsatt. 

Har i dag lagt ut at det vert droppin kurs lørdag kl 10.00 -  12.00 . Her får du matrialpakke med alt du treng , det er håndsøm. Kurset koster kr 150.-. Påmelding her skjer når du kjem fredagen eller lørdag morgon. 

Dette bilde er frå ein av dei flotte solnedgangane vi hadde i sommer. 

Vi har hatt ein fantastisk flott sommer i år her i Florø og begynnelsen på hausten har vore like flott med gode tempraturer og sol, ja rett og slett berre nydelige dagar. Vi håpar selvfølgelig på ei flott helg når Vestlandstreffet  går av stabelen og, men vi kan ikkje love det. Men det vi kan love er at det vert ei kjekk helg i lag  med mange flotte quiltedamer, bugnande butikkar, kjekt og inspirerande foredrag med Kathrine Luthen og Helle Løwenskjold og ein flott festmiddag med godt gammaldags åresalg med flotte gevinstar. 

Det er selvfølgelig mulighet å komme på dagsbesøk til Florø for berre stikke innom for å sjå på utstillinga og handle i butikkane, kjøpe kaffi og kake, prate med kjende og ukjende.

Då gjenstår det å ynskje deg hjarteleg velkommen til ei helg fyllt til randen med inspirasjon og quilteglede. 

Florø, Norges vestligaste by, der skjer det helga 10 - 12 oktober 2014. 

For meir informasjon om treffet kan du klikke deg inn på dei forskjellige knappane øverst her på bloggen.



torsdag 11. september 2014