onsdag 16. april 2014

QUILTEMØTE TIRSDAG 22 APRIL

OBS!!! OBS!!!!
Det vert quiltemøte tirsdag 22 april denne gangen. Staden er Soltua kl 19.00. Klikk på Quiltegruppe knappen over her så ser du kva du skal ha med deg. 

Påskehelsing styret

mandag 10. mars 2014

Quiltemøte mandag 17 mars

For å kunne sjå kva ein treng å ta med seg til neste quiltemøte klikk på Quiltegruppe knappen over her  så vil du finne informasjonen der

lørdag 1. mars 2014

VESTLANDSTREFFET 2014

Da vil du under de forskjellige knappane, Program, Kurs, Butikker, Påmelding og Overnatting finne den informasjonen du treng om Vestlandstreffet  2014. 
Håpar du finn programmet og kursa intresanne og melder deg på. Vi gle oss til å sjå deg på treffet som i år skal vere i Norges vestligste by Florø. 
Vi ynskjer deg hjarteleg velkommen!
Solnedgang juli 2013 kl 22.09 . Så flott kan det vere i Florø
Vi har ein flott skjærgard utanfor byen i vest. 

tirsdag 18. februar 2014

ENGLER I ALLE STØRRELSER

Mandag 17 februar var vi samla til quiltemøte, temaet var engler i alle varianter. Lillian losa oss trygt gjennom englesyinga. Denne gangen var vi tilbake på gamle trakter, Kreativiteten, ein god opplevelse
Her er litt av utgangspunktet for englesyinga

Kroppen er ferdig stappa og beina skal syast på

Her blir det sydd ein mini engel, stapping av beina pågår

Miniengelen som var under arbeid i forrige bilde er nesten ferdig

Lillian hadde med mange forskjellige engelar til inspirasjon og glede for oss andre

Inspirasjon, mange flotte engler og dukker

Menyen i kveld var svele med brunost og nokre med smørkrem. Smakte kjempegodt.

frukt blei også servert

Ein triveleg kveld i lag med triveleg damer.
Takk damer, kjekt å sjå kvar ein av dokke.

Neste medlemsmøte vert på Soltua 17 mars kl 19.00

mandag 10. februar 2014

QUILTEMØTE MANDAG 17 FEBRUAR KL 19.00


OBS! OBS! Denne kvelden blir møte på KREATIVITETEN . 

Vi kan desverre ikkje vere på Soltua fordi dei skal pusse og lakke golv . Det er veldig dumt at det traff slik men vi har då lånt Kreativiteten  for der er utstyr som vi treng, strykebord, strykejern, linjaler, matter osv. Godt å sleppe å dragse med seg alt dette.
 Eg skal passe på og sette på varme sån at der blir varmt og godt. Håper dette er greit for alle, dei har jo utbetra ein del der ute i det siste. 

Eksempel på kva vi skal sy

Denne kvelden skal Lillian Nygård vise oss korleis vi syr slike engler/dukker  som den på bilde over her som er ganske så liten, Ser du lenger nedover så er der bilde av ein litt større som du  og kan velge å sy.
Du skal ta med til dette:
Symaskin, blyant, blyantkvesser (sikkert nokon som har om du ikkje har) , limstift, papirsaks, hudfarga sytråd, vanlege sysaker, vlisofis ca 15 x 15 cm. Litt fyllvatt.
Stoff til kjole og vinger treng du og.
Lillian har med stoff og matriell til kropp og hår, for dette betaler du litt, ikkje over kr 30.- opplyser Lillian.
Ein heil flokk er samla her.
Ein litt større variant
Nærbilde av den største varianten.

Trur dette vert ein triveleg kveld med sying av desse koselige englene/dukkene.
Det vert og utloddning med fine gevinster, det er det Solfrid som tek seg av.
 Vertinnene denne kvelden er Oddveig og Iren.

Då gjenstår det å ønske deg hjarteleg velkommen til Quiltemøte på Kreativiteten mandag 17 februar kl 19.00.
Gleda oss til å sjå deg der.

Quiltehlesing frå styret
 

fredag 31. januar 2014

Mandag 20 januar starta vi oppatt med quiltemøtene. Det var 15 damer som kom denne kvelden og vi hadde ein flott kveld.  I kveld var det Solfrid som losa oss gjennom aktiviteten. Vi sydde microgrytekluter.
Har ikkje noko bilde av ferdig gryteklut men ein som nesten er klar. 
Her er ein som nesten er ferdig

Her reinklippes det før lukkekant/skråbånd syes på

Her er det og reinklipping. Mange forskjellige farger

I kveld som alltid hadde vertinnene diska opp med sunn og god mat. Frykt og grønt med dipp, kaffi og te

Ikkje alle sydde gryteklut men hadde med eige arbeid , her er det sekskanter sydd med amrikansk handsaum.

Utloddning stod og på programmet som alltid., det er liksom eit must på møta våre.
Takk til dei som var der for ein triveleg kveld.
Neste møte er 17 februar.

søndag 12. januar 2014

Quiltemøte mandag 20 januar kl 19.00 

Godt Nytt quilteår til alle!

Denne kvelden skal vi sy microgryteklutar . Ein kjekk liten sak å ha på kjøkkenet eller ved grillen til sommaren kanskje. Det er Solfrid som skal lose deg gjennom syinga i kveld. Matrialliste og bilde ser
 du  under her.

Dette treng du for å sy microgrytelapper

60 cm. x 16 cm.  stoff til utsida
60 cm. x 16 cm. stoff til innsida
1m. x 30 cm. bommullsvatt
1,6 m. skråband, det treng ikkje vere ferdige skråbånd, du kan skråskjere stoff og lage skråband sjølv.
Du kan sjølvsagt bruke same sort stoff til både utsida og inni, om du vil det

Slik ser grytekluten ut. Solfrid sin variant, frisk og fin i fargane.


Vertinner denne mandagen er Solveig Rønnekleiv Helle og Vigdis Kilvik

Vi  skal som vanlig kose oss med sying, kaffi/te, noko å bite, god prat og loddsalg
.
Du er velkommen til å vere i lag med oss denne kvelden.

Quiltehelsing styret