mandag 9. september 2013

Syvake



Vi var 10 kreative sjeler på syvaka og hadde ein triveleg kveld.  Det vart arbeidd med gevinstar til Vestlandstreffet og prosjekt som medlemmane held på med.





Fire arbeidde godt saman og fekk sydd ferdig eit fellesprosjekt.

 Fleire medlemmer har i vår sydd kvar sine blokker. Desse vart plasserte, omplasserte nokre gangar....  og sydde saman.




Deretter vart det klipt og klipt slik rundt kvar ein firkant.

Etter ein omgang i vaskemaskin og ein i tørketrommel er det no klart til å lune ein heldig vinnar.

Mjuk og god flanell er godt å ha over seg i sofakroken.







 
 Det vart og laga to puter som vart gitt som gevinst til treffet.

Flotte puter på eit barnerom. Det er kjekt at også våre unge, og kanskje nye quiltarar og kan vinne fine premiar.....

 







Det mangla heller ikkje på inspirasjon denne kvelden.

Mange flotte produkt vart vist fram.

Det manglar ikkje på skaparglede hos medlemmane våre!

 

 





Det mangla heller ikkje noko på dette bordet.....


Mat må ein ha, og spleiselag er ein fin ting ein slik kveld.

God mat, kjekke damer som har det kjekt saman var ein fin start på helga!


Takk for kjekt samvære!

1 kommentar:

  1. Flott resultat, og ein koselig kveld...

    Helsar frå Haltenbanken...

    SvarSlett