tirsdag 17. desember 2013

Julekos i Quiltegruppa

I går kveld var det 13 damer samla på Soltua til julekos. Kveldens vertinner som var Lillian og Bente hadde pynta med lys både ute og inne ja dei hadde laga det virkelig koseleg og juletete for oss andre. Veldig kjekt å komme der og føle julestemingen allerede ved inngangsdøra. 
Vi hadde og ein aktivitetet som Oddveig og Sonja hadde førebudd. Vi laga små stichery motiv som vi kan bruke på ein pose, veske eller lignande. Veldig koselig og kjekt med eit lite broderi ein slik kveld og kjenne på at roen senka seg over damene mens det blei servert julekaker, gløgg, kaffi/te.
Her følger nokre bilder frå kvelden
Inngangspartiet med tente lykter

Eit flott pynta bord

Detaljer frå bordpyntinga

Her er og detaljar frå bordpyntinga

På veggen var der og hengt opp bilder med julemotiv, koseleg

Vi ringer julen inn med fred og ro i sinn

Tradisjonen tru har alle med seg litt julebakst

julemanna

brune pinner

Ein flott pose sydd av Oddveig som viser kva vi kunne bruke sticherymotivet vi broderte til 

Eller vi kunne sy ein slik pose
(Dårleg bilde)

Her er Laila sitt broderi

Loddsalg er eit must på quiltemøta og da er det kjekt med flotte gevinstar, her har Gunvor laga Hellige Tre Kongers lys og gitt til loddsalget + at vi hadde mange andre flotte gevinstar.

Her viser Bente eit teppe ho har laga, sitt aller første som ho begynnte på, har ho no gjort det ferdig og det blei flott!!

Gjenbruk , Bente har her sydd eit flott teppe av svigerfaren sine gamle flanellskjorter.

Ein flott kveld er over og da gjenstår det bare å takke dei som stod for den på ein eller anna måte.
Vi møtes igjen over nyttår nærmere bestemt 20 januar til nytt quiltemøte.

STYRET ØNSKER ALLE EI GLEDELEG JUL OG EIT GODT NYTTAR OG TAKKER FOR GODT SAMARBEID I ÅRET SOM SNART ER OMME

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar