16 flotte damer møtte til første Quiltemøte i haust, vi skulle sy mini loggcabin så symaskinene kom på bordet, restestoffa blei plukka fram, stryking måtte til før skjering kunne starte. Lillian viste og forklarte med stødig hånd. Styret hadde ansvar for serveringa og det blei ein sunn start på quilteåret, grønnsalat og frukt stod på menyen. Ein ting som er heilt sikkert er at damene har ikkje berre sola seg denne sommeren, mykje har blitt sydd både med hand og maskin. Under her følgjer ein del bilder av det som blei vist fram
Flotte og koselig Tilda figurer , sydd av Chatrine |
Dette flotte hjerteteppe i beige med rosa hjerter er sydd av Solfrid og Britt. Det skal vere gevinst på Krokane Sanitet sin basar i november. |
Stjerneteppe til Åshild er sydd forhand og maskin. Alle stjerne blokker er handsaum men sydd saman med maskin. Stjerneblokkene er handquilta, ellers er teppe frihandsquilta. |
Like fint på baksida som på framsida spør du meg. Her har ho brukt rester fra framsida |
Åshild har og sydd juleduken ferdig i god tid før jul. Mønster her er NorthernQuilts |
Dette er Solfrid sin sommarduk. Sydd etter mønster frå Quiltemagasinet |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar