Det vert også i år arrangert Sommertur i Florø Husflidslag. Arrangør er Quiltegruppa i lag med styret i laget.
Turen går til Hellevik i Fjaler og Leonards Forlaavelse . Vertskap der er Tone Undertun og Inge Antonsen.
SØNDAG 5 JUNI, AVREISE FRÅ PARKERINGSPLASSEN TIL REMA PÅ EVJA KL 9.30.
PÅMELDING INNAN 31 MAI TIL LAILA BERGE TLF 98618881
HER MÅ DU GI BESKJED OM DU KAN KJØRE OG KOR MANGE DU EVNT. KAN TA MED.
FOR MEDLEMMER I FLORØ HUSFLIDSLAG VERT DET KR 100.- + REISEKOSTNAD Å BETALE,( laget sponser resten.)
ER DU IKKJE MEDLEM ER DU VELKOMMEN TIL Å VERE MED MEN DA VERT PRISEN KR 350.- + REISEKOSTNAD.

SÅ LITT OM LÅVEN OG OPPLEGGET:
Leonards Forlaavelse er ein rehabilitert låve m/aalrom og kjøkken med stein-/ bakerovn i "fjøsen".
På låveloftet er det låvebutikk og eit nostalgisk Bertas syrom med sysaker og "snop" for kreative damer. Stort utval i blonder/bånd/knapper. Lappestoff - vintage og nyheter. (vi har kortautomat.)
Leonards Forlaavelse ligg idyllisk til på småbruket Sjøtun, i fjæresteinane ved Dalsfjorden på Hellevik i Fjaler. Her er eit stort drivhus, nyttehage og uterom/kai under etablering.
Låven vert nytta til utleige, mat - eller kreative kurs, smakinger og sosiale lag.
Det vert servert eit måltid med låvebakst, gode oster og pølser ved ankomst. Så er det tid til å utforske låven og eigedomen . (vi har bestillt godt vær)
I god tid før avreise samles vi i kjøkkenet for pizzasteiking i steinovnen og eit måltid med drikke og kaffebakst i kring langbordet i låven eller ute på verandanen. Om det er kjølig ute fyrer vi opp ei bålpanne.
Hilsen vertskapet Tone og Inge.

Treng du glutenfritt og eller melkefritt må du gi beskjed ved påmelding så kan det ordnast.
Ta med strikketøy/sytøy og ditt gode humør så vert nok dette ein kjekke dag i flotte omgivelser.
Frist for påmelding til tlf 98618881 er 31 mai .
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar