fredag 20. september 2013

På Quiltemøte mandag 16 september  sydde vi poser der vi kan samle alle de enkle sokkane som vi ikkje finn paret til etter vask ..... praltisk å ha ein slik pose . Her følger ein del bilder frå kvelden.
koselig motiv på posen ... dansande sokker 
vlisofixen ville ikkje holde skikkelig
applikeringa for hånd har starta
Grønsaker m/dipp var ein av rettane på bordet . I tillegg var der nydelige heimebaka boller med ost og sylte

mandag 9. september 2013

QUILTEMØTE MANDAG 16 SEPTEMBER KL 19.00 PÅ SOLTUA
Ja så er det tid for quiltemøte igjen og denne gangen skal Lillian Nygård lose oss gjennom aktiviteten som er å sy ein pose til å oppbevare slike  sokkar som sikkert alle har, nemlig dei som venter på å bli det perfekte par.
Du treng å ta med deg dette:
50 cm lyst stoff (posen)
15 cm til løpegang
rester til applikasjon
svart DMC  molinègarn
band til oppheng 1 meter
4 små knapper til hender
vanlige sysaker
vlisofix
symaskin
blyant
matpapir
broderiramme
Ellers er det Klara og Irene som er kveldens  vertinner . Solfrid har som vanlig ansvaret for flotte gevinster til loddtrekninga.
Då håper vi å sjå deg på Quiltemøte JJ
Velkommen!

Quiltehelsing
styret

Syvake



Vi var 10 kreative sjeler på syvaka og hadde ein triveleg kveld.  Det vart arbeidd med gevinstar til Vestlandstreffet og prosjekt som medlemmane held på med.





Fire arbeidde godt saman og fekk sydd ferdig eit fellesprosjekt.

 Fleire medlemmer har i vår sydd kvar sine blokker. Desse vart plasserte, omplasserte nokre gangar....  og sydde saman.




Deretter vart det klipt og klipt slik rundt kvar ein firkant.

Etter ein omgang i vaskemaskin og ein i tørketrommel er det no klart til å lune ein heldig vinnar.

Mjuk og god flanell er godt å ha over seg i sofakroken.







 
 Det vart og laga to puter som vart gitt som gevinst til treffet.

Flotte puter på eit barnerom. Det er kjekt at også våre unge, og kanskje nye quiltarar og kan vinne fine premiar.....

 







Det mangla heller ikkje på inspirasjon denne kvelden.

Mange flotte produkt vart vist fram.

Det manglar ikkje på skaparglede hos medlemmane våre!

 

 





Det mangla heller ikkje noko på dette bordet.....


Mat må ein ha, og spleiselag er ein fin ting ein slik kveld.

God mat, kjekke damer som har det kjekt saman var ein fin start på helga!


Takk for kjekt samvære!