Quiltegruppa





























JULEMØTE I QUILTEGRUPPA MANDAG 15 DESEMBER KL 19.00 PÅ SOLTUA 



Det er tid for julemøte i Quiltegruppa.
I år vert det eit litt annsleis julemøte, det vert ikkje julekaker, kaffi og gløgg. Vi som var på sist møte bestemte at kvar av oss skulle ta med seg kvar sin liten rett og vips så har vi eit koldtbord klart, det blir litt kake og kaffi og.
 Skulle du som lese dette og tenke at då kan ikkje du komme så tenk om igjen, du må berre komme uten mat eller du kan ta med deg noko om du føler for det, men det vert no alltid nok til alle uansett.

Lillian Nygård vil ha ein liten aktivitet denne kvelden, ein handsaumaktivitet. Du må ta med deg
kvit og rød sytråd,lita saks og vanlege sysaker og ei stoppenål og noko å vrenge med, tang, pinsett ol.

Det vert loddsalg med ekstra mange gevinster, det er jo jul og vi slår litt på stortromma denne dagen.

Vis og fortell er alltid kjekt så ta gjerne med noko du har laga i det siste.

Då gjenstår det å ynskje dokke velkommen i godt selskap for der quiltedamene er er det alltid kjekt å vere :-)
Håpar eg ser deg på mandag kl 19.00 på Soltua.













QUILTEMØTE MANDAG 17 NOVEMBER KL 19 PÅ SOLTUA


så er det tid for quiltemøte igjen........ syns ikkje det er lenge sidan sist men ein månad har gått.... denne gangen skal vi sy noen korger som vi kan bruke til litt av kvart, snop, småkaker, nøtter,  lagringsplass for te-lys, diverse duppedingser ja det du måtte ha lyst å bruke den til
Det er Kari Larsen som skal lose oss gjennom syinga denne gangen.
Loddsalg vert det og med fine gevinster som vanlig.

For å kunne sy desse korgene i den størrelsen du ser her må du ta med:
Ytterside: 1 stk stoff 12.5 nch (32 cm) i firkant
For: 1 stk stoff 12.5 inch (32 cm) i firkant
Bordvatt isamme størrelse
evnt blonde , knapper, sløyfe til pynt
Ellers må du ta med vanlige sysaker og symaskin.


Lilla fin korg
Grå korg, litt annerledes med blonde

Tre forskjellige varianter

til julesnopen eller julenøttene

Då ynskje eg dokke hjertelig velkommen til ein kjekke kveld i lag med kjekke quiltedamer

Sjåast på mandag 





















Quiltemøte mandag 20 oktober  kl 19.00 på Soltua

Mandag skal vi oppsumere Vestlandstreffet 2014 som gikk av stabelen forrige helg, her får vi andledning til å komme med ris og ros. Det har kome haugevis med posetive tilbkemeldinger både under og etter treffet. Folk var godt fornøgde slik eg oppfatta det. Takk til alle som hjelpte til på ein eller anna måte.
Du må jo selvfølgelig ta med deg eit handarbeid av ei eller anna form
Det vert tradisjonen tru loddsalg og kaffi med noko attår denne mandagen også.
Vertinner denne kvelden er Elin og Åshild.
Så gjenstår det å ynskje  dokke alle velkommen til Quiltemøte
Det viktigaste du tek med denne kvelden er ditt gode humør :-)



Frå Vestlandstreffet fredag kveld  der velkomstsangen blei framført av ein del av damene i quiltegruppa.















Quiltemøte mandag  15 september kl 19.00 på Soltua

Denne gangen er det ingen spesiell aktivitet, inspirasjonskveld  har vi kalt det :-)

På siste møte i august bestemte vi likevel at vi kunne ta med oss UFOER (uferdige objekt) det er vel slikt som de flese av oss har liggande litt av tenker eg. Blir igrunnen spennande å sjå kva som kjem fram frå tølene våre.
Men for å sei det sån så ta med det du har lyst å ta med enten det er noko nytt prosjekt eller gammelt

Ta også med ferdige produkt til inspirasjon for andre.

Vertinner for denne kvelden er Sonja og May Sissel så vi gleder oss allereie.
Ellers blir det loddsalg med fine gevinster som Solfrid har ordna med.

Då ynskjer vi i styret deg velkommen til ein triveleg kveld i lag med trivelege folk!

Sydd av ein gjeng quiltedamer "Sjeive Sting" . Skal vere gevinst på Vestlandstreffet i Florø i oktober 2014






QUILTEMØTE MANDAG 18 AUGUST KL 19 PÅ SOLTUA

Vi skriver august, sommeren er over og vi starter oppigjen med friskt mot håper eg. I dag er det Lillian som skal vise oss korleis vi syr Mini Logcabin. Som de ser av bilde under her så er det veldig smått, nusselig og fint. Her kjem kva du treng å ta med deg:
Symaskin
Skjereutstyr (ta med kniv, matte er der)
vanlige sysaker
restestoff, lyse og div farga stoff.
papir og blyant og en liten linjal

Her kan du virkelig bruke de små restebitane du har samla på.


Her er tre forskjellig fargesammemsetninger og tre forskjellige ting. Du setter sammen dine farger slik det passer for deg.

Ellers denne kvelden er det styret som har vertinne oppgavene så det er aldri godt å vite kva det blir.
Solfrid har med gevinster så du må ta med lommeboka.

Det er to månder, ja litt under det til Vestlandstreffet går av stabelen så her blir det litt oppdatering på den biten.

Då håper eg at du finn veien til Soltua denne kvelden  for å lære å sy mini loggcabin og ha det kjekt ilag med likesinna.

Styret ønsker deg velkommen til ein triveleg kveld.
















QUILTEMØTE MANDAG 19 MAI KL 19 PÅ SOLTUA

Mandag 19 mai samlast vi til ein liten sommeravsluttning. Det blir ingen spesiell aktivitet men ta med deg det du held på med, du har sikkert noko!! Så lar vi synåla og praten gå mens vi kosar oss med god mat, kaffi  og kake. Loddsalg vert det naturligvis, litt ekstra gevinstar kanskje???
Vi satsar på ein koseleg kveld i godt selskap. La oss håpe på godt vær så kan vi vere på verandaen.

Tur til Førde Quiltelag.
Vi har fått invitasjon til å vere saman med Førde Quiltelag på Blåtur tirsdag 27 mai. Vi skal treffe dei på bensistasjonen i Naustdal kl 17.50. Har du lyst å vere med kan du melde deg på på tlf 98618881 - Laila innan 20 mai. Vi  satser på å kjøre samla i biler innover.

Tur til Reksta/Rognaldsvågen.
Mandag 26 mai arrangerer Florø Husflidslag, vevgruppa tur for alle til Rognaldsvågen/Reksta. Ein reiser med båten kl 16 og så er det retur i ni tida på kvelden. Du har sikkert fått mail om dette frå Husflidslaget ellers finn du meir informasjon på bloggen til Florø Husflidslag.

Ynskjer alle ein god og kreativ sommar!
Styret i quiltegruppa


QUILTEMØTE TIRSDAG 22 APRIL KL 19.00 PÅ SOLTUA

Denne gangen møtes vi tirsdag på grunn av påska, quiltemøte må vi jo ha. Det er Klara som skal ha aktivitet denne gangen. Vi skal sy ein boks til engangs vaskekluter 10 x 10 cm i Rufseteknikk.
Her er kva du skal ha med deg,

KUTTELISTE
5 stk kvadrat på 5 inch. Dongri eller anna fast, tjukt stoff
5 stk kvadrat på 5 inch til for, helst eit fargerikt stoff'
5 stk kvadrat på nesten 4 inch, bordvatt
2 stk løpeganger av forstoffet på 9 x5 inch
2 snorer på ca 18 inch

Dette var kutteliste, men du må jo ikkje kutte før du kjem, er du usikker ta med store nok stoffbiter så kutter ein på møte. Klara vil nok hjelpe og veilede med det og.

Her er den boksen vi skal lage. Ein koselig liten sak som du nok kan bruke til det du vil.
Ellers blir det kaffi og noko å bite i , det er Irene og Gunvor som er kveldens vertinner.
Utloddning har Solfrid ordna med så det er berre å ta med lommeboka.
Da er du velkommen til ein triveleg kveld i lag med trivelege damer

VI I STYRET YNSKJER ALLE EI RIKTIG GOD PÅSKE.












QUILTEMØTE MANDAG 1 MARS KL 19.00 PÅ SOLTUA
Mandag er det igjen quiltemøte og eg håpar du kjem. Denne kvelden skal vi sy ei lita veske til å ha sytøyet, hekletøyet eller noko anna oppi. Vi får vel egentlig aldri  for mange slike små vesker, mapper ol til å ha dei forskellige prosjekta våre oppi :-) 
Denne kvelden er det Sigrun som skal lose oss gjennom aktiviteten. 
Ellers så skal vi ha loddsalg med fine gevinstar som Solfrid har full kontroll på. Vertinner denne dagen er
 Kari og Unni. 
For å kunne sy denne veska må du ta med:
Stoff - 65 x 30 cm
For -   65 x 30 cm
Vatt - 65 x 30 cm - vatten bør helst vere litt stiv og ha lim på eine sida, f.eks habalon.
Sytråd som passer det stoffet du har valgt.
Vanlige sysaker
Symaskin 




Her er bilde av Sigrun si veske. Kjempefin:-)  Velg deg eit fint stoff og kom å bli og sy deg ei flott lita veske.

Då ynskjer vi deg velkommen til ein kjempekveld i lag med andre quiltedame.

Styret






Quiltegruppa Florø er ei undergruppe av Florø Husflidslag og blei starta i 1997. Gruppa har møta sine på Soltua, Gaddevåggt 4. Møta er den tredje måndag i kvar månad bortsett frå i juni og juli (sommarferie) frå kl. 19.00 til ca. kl. 22.00.
På møta har vi stort sett ein aktivitet med eller utan materialpakke. Materialpakkane er enten gratis eller godt sponsa. Andre gangar har vi inspirasjon frå kvarandre ved vis og fortell eller bøker og blad.
Utlodding er eit must, det må vi ha. Vi betaler kr50.- for kaffi og noko å bite i + 1 lodd, deretter kr 5.- for neste lodd osv.
Skulle du som ikkje er medlem ha lyst å vere med oss på Quiltemøta er du hjertelig velkommen til det. Utanom kaffi og matpengar må du betale kr 50.- som ein slags medlemskontingent. Du kan få vere med ein kveld gratis.

Ser vi eit år tilbake i tid så starta vi hausten 2012 med ei sy helg der vi hadde tre forskjellige aktiviteter som ein kunne vere med på. Kari Witsøe hadde kurs i å lage ansiktsbilder med stoff, forskjellig slags tråd + symaskin . Veldig kjekt og interessant. Det var 4 – 5 som var med på den aktiviteten.
Solveig Rønnekleiv Helle hadde kurs i ei handarbeidsveske med forskjellige teknikker som applikasjon, frihåndsquilting, stripesettsying, foring +++ Det var 8 som var med på den.
Den tredje aktiviteten var Teppe Som varmer.
Nokre av oss sydde altså små barneteppe til fortidligfødte på Sentralsjukehuset i Førde. Vi har levert 15 tepper på avdelinga der inne. Vi har fortsatt liggande materialpakker til slike tepper om nokon vil sy.
Elles utover hausten og våren 2013 hadde vi forskjellige tema som:
Bilde sying, handsaum på amerikansk vis, julestjerne sying, gryteklut m/påskemotiv, handarbeidspose.
På desember møtet har vi alltid ein aktivitet tilpassa jul, koser oss med gløgg, kaffi og julebakst.
Avslutningsmøte i år vart utsett til siste mandagen i mai og da hadde vi besøk av quiltedamer frå Førde, hadde masse vis og fortell til inspirasjon og glede for oss alle og koste oss med god mat og prat og ei stor utlodning. Ein veldig kjekke kveld. Det er andre året
dei er på besøk slik, i fjor var vi i Førde.
Dette var ei kort oppsummering av
dei to siste semestra, håpa det har gitt deg lyst å komme og vere i lag med oss.
Men vi må sjå framover, framover mot eit nytt arbeidsår i Quiltegruppa
Møta er vanlegvis den tredje måndag i månaden kl. 19.00 – 22.00 på Soltua, Gaddevåggt 4.

PROGRAM FOR HAUSTEN 2013 OG JANUAR 2014
19 august        Styrets kveld. Denne kvelden vil du få utdelt ein materialpakke som inneheld alt du
                        treng til kveldens aktivitet. Du må ta med: symaskin, sytråd som er høveleg til det
                        meste av farger (potetfarge) og elles vanlege sysaker.
30 august        Sy-vake J vi samlast kl. 18.00 og syr så lenge vi har lyst og ork. Denne kvelden har vi tenkt at vi syr gevinstar til Vestlandstreffet som skal vere i Florø i oktober 2014. Vi
begynte på eit felles teppe i vår, der vi sydde kvar våre blokker. Dette skal vi blant
anna sy vidare på elles kan vi sy kva vi vil. Det må ikkje vere gevinstar, ta med deg det du held på med og sy på det, det viktigaste er at du kjem og er med. Vi skal og kose oss med god mat. Vi tenkte at kvar og ein som kjem tek med seg ein rett så vil det bli eit rikhaldig koldtbord/tapas bord. Quiltegruppa held drikke og brød.
16 september  Inspirasjonskveld. Denne kvelden skal vi inspirere kvarandre. Vi kan kikke i bøker og blad, samt vise kva vi har sydd sidan sist osv.
21 oktober      Dypdykk i restekassa. Her skal vi rett og slett bruke det vi legg vekk og samlar i poser og kasser. I kveld skal vi sy noko fint av desse restane våre. Bitane må vere både små, litt større, lange, smale, firkanta, trekanta, det kan vere utklipp frå hjerte, stjerne osv. Dette er utruleg kjekt J
Ta med: En brødpose full i rester, gjerne litt match i fargane, men det er ikkje nødvendig, symaskin, sytråd, platevatt str 40 x 60 og eit bakstykke i same størrelse. Har du ikkje restar så berre kom likevel vi deler på det vi har og den vert nok rikeleg.
18 november   Demonstrasjon?? Litt usikker på kva det blir enda. Vi får besøk av Marit Bruland på Trapp Ned i Førde denne kvelden.
16 desember   Julemøte. Jula er like om hjørnet så denne kvelden blir det ein juleaktivitet og det vert julekaker og kaffi . Alle tar med litt julebakst.
20 januar        Vi syr gryteklutar. Kjem tilbake med meir informasjon.
Følg med her på bloggen, der vil det komme informasjon før kvart møte.

VELKOMMEN TIL MØTA VÅRE!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar