lørdag 14. juni 2014

VESTLANDSTREFF 2014

Sola skin og det er sommarvarme, deilige dager som ein berre må nyte mens ein har dei. :-)

Det er sån ca akkurat 4 månader igjen til Vestlandstreffet, som i år skal vere i Norges vestligste by, FLORØ, helga 10 - 12 oktober. Påmeldingane har strømma inn men der er fortsatt ledige plasser på fleire av kursa. To kurs har vi sett oss nøydde til å avlyse fordi dei fikk forlite påmeldte, og eit kurs er fullt.

Skulle det vere nokon som ikkje har meldt seg men som likevel kunne tenke seg å vere med er det bare å melde seg på sjølv om fristen er ute, vi tar imot påmeldinger så lenge der er plass. 

Det vil også komme eit dropp-in kurs på laurdagen, har ikkje lagt det inn for det er ikkje heilt klart enda, men det blir handsaum på det kurset. Dette kurset melder du deg på på laurdagsmorgon når du kjem til treffet og registrerer deg. Alt du treng for å gå på kurset får du i ein matrialpakke som du får kjøpt når du kjem på kurset.

MIMRE  - ein liten gjenbruksbutikk! Det er to voksne damer frå Førde/Naustdal som står bak og som har stor intresse for gjenbruk.

Dei seier om seg sjølve: Vi er to voksne damer som har vore intressert i gjenbruk i mange år. Vi har samlet brukte klær i mange år med tanke på bruk i tepper ol.  Etterkvart har tankene om å prøve oss med salg av stoffa komt. Vi har vaska, stroke,kutta, klippt, sortert og laga stoffpakkar og ruller i lange baner og meiner sjølv at vi har eit godt produkt. Vi liker å prove ut nye ideer og bruksområder på stoffa og utnytter gjerne detaljer i klærne. Dei har dreve med lappeteknikk i mange år.
Vi syns dette virker spennande og ynskjer MIMRE velkommen til treffet.

Treffet er åpent og for deg som ikkje er påmeldt på noko,  der vil vere stor utstilling av quiltearbeid og mange butikkar du kan handle i og kafeen er åpen heile laurdagen og  søndagen. Der vil vere salg av lunch, rundstykker og masse gode kaker og kaffi.
Kanskje du skulle legge turen til Florø  den helga og ta turen innom.............. treffet foregår på Flora Ungdomsskule, glassgata.

Då ynskjer vi deg velkommen til VESTLANDSTREFF 2014 - 10 - 12 oktober !!