fredag 31. januar 2014

Mandag 20 januar starta vi oppatt med quiltemøtene. Det var 15 damer som kom denne kvelden og vi hadde ein flott kveld.  I kveld var det Solfrid som losa oss gjennom aktiviteten. Vi sydde microgrytekluter.
Har ikkje noko bilde av ferdig gryteklut men ein som nesten er klar. 
Her er ein som nesten er ferdig

Her reinklippes det før lukkekant/skråbånd syes på

Her er det og reinklipping. Mange forskjellige farger

I kveld som alltid hadde vertinnene diska opp med sunn og god mat. Frykt og grønt med dipp, kaffi og te

Ikkje alle sydde gryteklut men hadde med eige arbeid , her er det sekskanter sydd med amrikansk handsaum.

Utloddning stod og på programmet som alltid., det er liksom eit must på møta våre.
Takk til dei som var der for ein triveleg kveld.
Neste møte er 17 februar.

søndag 12. januar 2014

Quiltemøte mandag 20 januar kl 19.00 

Godt Nytt quilteår til alle!

Denne kvelden skal vi sy microgryteklutar . Ein kjekk liten sak å ha på kjøkkenet eller ved grillen til sommaren kanskje. Det er Solfrid som skal lose deg gjennom syinga i kveld. Matrialliste og bilde ser
 du  under her.

Dette treng du for å sy microgrytelapper

60 cm. x 16 cm.  stoff til utsida
60 cm. x 16 cm. stoff til innsida
1m. x 30 cm. bommullsvatt
1,6 m. skråband, det treng ikkje vere ferdige skråbånd, du kan skråskjere stoff og lage skråband sjølv.
Du kan sjølvsagt bruke same sort stoff til både utsida og inni, om du vil det

Slik ser grytekluten ut. Solfrid sin variant, frisk og fin i fargane.


Vertinner denne mandagen er Solveig Rønnekleiv Helle og Vigdis Kilvik

Vi  skal som vanlig kose oss med sying, kaffi/te, noko å bite, god prat og loddsalg
.
Du er velkommen til å vere i lag med oss denne kvelden.

Quiltehelsing styret