tirsdag 19. august 2014



16 flotte damer møtte til første Quiltemøte i haust, vi skulle sy mini loggcabin så symaskinene kom på bordet, restestoffa blei plukka fram, stryking måtte til før skjering kunne starte. Lillian viste og forklarte med stødig hånd. Styret hadde ansvar for serveringa og det blei ein sunn start på quilteåret, grønnsalat og frukt stod på menyen.  Ein ting som er heilt sikkert er at damene har ikkje berre sola seg denne sommeren, mykje har blitt sydd både med hand og maskin. Under her følgjer ein del bilder av det som blei vist fram 
Lite husteppe, sydda av Lillian
Flotte og koselig Tilda figurer , sydd av Chatrine
Husteppe sydd av Lillian. Utgangspunktet for teppe er Annaka sitt mønster, men dette er mindre og ikkje alle broderiblokkene er med men dei + resten av husblokkene hadde ho saman med anna stoff sydd eit slumreteppe av

Dette flotte hjerteteppe i beige  med rosa hjerter er sydd av Solfrid og Britt. Det skal vere gevinst på Krokane Sanitet sin basar i november.

Stjerneteppe til Åshild er sydd forhand og maskin. Alle stjerne blokker er handsaum men sydd saman med maskin. Stjerneblokkene er handquilta, ellers er teppe frihandsquilta. 

Like fint på baksida som på framsida spør du meg. Her har ho brukt rester fra framsida
Åshild har og sydd juleduken ferdig i god tid før jul. Mønster her er NorthernQuilts

Dette er Solfrid sin sommarduk. Sydd etter mønster frå Quiltemagasinet
Hadde glømt å ta bilde av det i går men her er eit teke ute på marka tidlegare i sommar
Enda eit flott hjerteteppe i grått med lilla hjerter. Dette er sydd av damene i Sjeive Sting og skal vere gevinst på Vestlandstreffet i Florø  som går av stabelen i oktober .

Kjempeflott jobba damer :-)
Kjekt å vere leiar i ei så kreativ og flott quiltegruppe.

onsdag 13. august 2014

QUILTEMØTE MANDAG 18 AUGUST

Det vert quiltemøte mandag 18 august kl 19.00 på Soltua

Klikk deg inn på Quiltegruppeknappen over her så finn du kva du skal ha med til sesongens første møte. 
Der vil du og finne bilder på kva vi skal lage og matrialliste. 

Da ynskjer vi deg velkommen til ein triveleg kveld.
Styret