Då er Vestlandstreffet 2014 vel gjennomført, ja det er faktisk ei veke sia det starta, det går fort dette. Takk til alle som var med å gjorde treffet til det det vart, eit kjekt, inspirerande og koseligt treff på alle måter. Fantastisk kjekt å treffe så mange flotte damer som har same hobbyen som du sjølv, kontakten er der liksom :-) Nesten trist at helga gjekk så fort.
No vil det kome ein del bilder frå treffet, både frå utstillinga, kursene osv
Solfrid Fløholm hadde skreve velkomstsang til treffet og den blei fredag kveld framført av ein del av damene i Quiltegruppa Teppe du ser i høgre del av bilde var ein av gevinstane i helga. |
Eit av teppa som blei vist fram. Nydelig i blått og kvitt. |
Dette er frå kurset til Frøydis Myhre, Tekstilmosaikk frå restekurven. Dette er modeller som Frøydis hadde med til inspirasjon for kursdeltagerne |
Her er også ein modell frå same kurset. |
Enda meir figurar....... denne utstillinga er laga av Isabella og Cathrine, kjempebra :-) |
VESTLANDSTREFFET 10 - 12 OKTOBER 2014
Då er det klart for påmelding til Vestlandstreffet. Programmet for helga, alle kursa , butikkar, påmeldingsskjema, overnattingsmuligheter er lagt ut under dei forskjellige knappane over her.
Håpar du finn programmet og kursa intresanne og melder deg på. Vi skal gjere alt for at du skal få ei flott helg i Norges Vestligaste by.
Vi er alt godt i gang med førebuingar
til Vestlandstreffet som skal vere i Florø 10 - 12 oktober 2014.
Vi har sydd fleire
gevinstar og fått i hamn avtaler med kurshaldarar og butikkar m.m.
Det vil det
komme meir opplysningar etterkvart som ting er i boks her på bloggen vår.
Teppet er sydd av medlemane Eli Fimland Jagedal og Solfrid Fløholm.
Vi håpar at mange tek turen til Norges vestlegaste by. Ei perle på kysten av Vestlandet. Byen sitt næringsliv er mangfaldig med fiskeindustri og servicenæring til oljeinustri som hovudnæring. Det er kort veg mellom båtlivet i skjergarden til turar i skog og fjellet. Kulturhendingar står og i kø året rundt.
Vi håpar at mange tek turen til Norges vestlegaste by. Ei perle på kysten av Vestlandet. Byen sitt næringsliv er mangfaldig med fiskeindustri og servicenæring til oljeinustri som hovudnæring. Det er kort veg mellom båtlivet i skjergarden til turar i skog og fjellet. Kulturhendingar står og i kø året rundt.
Det er mange måtar å komme hit. Du kan ta fly, båt, buss eller køyre sjølv.
Det går
fleire flyavgangar dagleg både nordover, sørover og til austlandet.
Både hurtigbåt og Hurtigruta har anløp i
Florø.
Vi vil legge ut meir info om korleis du kjem deg hit. Det
er berre å kikke innom, for ny informasjon om treffet blir lagt til etter kvar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar