tirsdag 27. august 2013

SYVAKE
Alt førstkomande  fredag skal vi ha syvake. Lurer du på kva det er?
Vi skal samlast kl 18 på Soltua og så syr vi utover kvelden så lenge vi vil.
Der skal vi arbeide med ulike ting. Nokre vil sy teppe/gevinst til Vestlandstreffet 2014 , som vi skal ha her i Florø. Men ellers syr ein det ein vil , gevinst til husflidsmessa, Vestlandstreffet eller rett og slett noke til deg sjølv. Valget er ditt!

Det overordna målet for kvelden er at vi skal ha det kjekt i lag . Alle tar med seg ein liten rett/tapasrett for noko av det viktigaste er god mat når vi samlast slik . 
Vi vil denne kvelden ha ein liten utloddning med fine gevinster slik at vi har litt til husleiga . 
Da håper vi at du kjem og tar med deg ditt gode humør :)

1 kommentar:

  1. Takk for sist.
    No er programmet for Quiltegruppa komt på veggen, så er det berre å håpe at det passer med dagane...

    SvarSlett