mandag 10. februar 2014

QUILTEMØTE MANDAG 17 FEBRUAR KL 19.00


OBS! OBS! Denne kvelden blir møte på KREATIVITETEN . 

Vi kan desverre ikkje vere på Soltua fordi dei skal pusse og lakke golv . Det er veldig dumt at det traff slik men vi har då lånt Kreativiteten  for der er utstyr som vi treng, strykebord, strykejern, linjaler, matter osv. Godt å sleppe å dragse med seg alt dette.
 Eg skal passe på og sette på varme sån at der blir varmt og godt. Håper dette er greit for alle, dei har jo utbetra ein del der ute i det siste. 

Eksempel på kva vi skal sy

Denne kvelden skal Lillian Nygård vise oss korleis vi syr slike engler/dukker  som den på bilde over her som er ganske så liten, Ser du lenger nedover så er der bilde av ein litt større som du  og kan velge å sy.
Du skal ta med til dette:
Symaskin, blyant, blyantkvesser (sikkert nokon som har om du ikkje har) , limstift, papirsaks, hudfarga sytråd, vanlege sysaker, vlisofis ca 15 x 15 cm. Litt fyllvatt.
Stoff til kjole og vinger treng du og.
Lillian har med stoff og matriell til kropp og hår, for dette betaler du litt, ikkje over kr 30.- opplyser Lillian.
Ein heil flokk er samla her.
Ein litt større variant
Nærbilde av den største varianten.

Trur dette vert ein triveleg kveld med sying av desse koselige englene/dukkene.
Det vert og utloddning med fine gevinster, det er det Solfrid som tek seg av.
 Vertinnene denne kvelden er Oddveig og Iren.

Då gjenstår det å ønske deg hjarteleg velkommen til Quiltemøte på Kreativiteten mandag 17 februar kl 19.00.
Gleda oss til å sjå deg der.

Quiltehlesing frå styret
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar