onsdag 17. september 2014

VESTLANDSTREFFET 2014

Da er det snart berre 3 veker igjen til det braker løs. :-)

Skulle du ha lyst til å vere med  men ikkje har meldt deg på enda så er det berre å ringe tlf  98618881 så fikser vi det.
Der er ledige plasser på nokre av kursa enda så mulighet for å vere med er der fortsatt. 

Har i dag lagt ut at det vert droppin kurs lørdag kl 10.00 -  12.00 . Her får du matrialpakke med alt du treng , det er håndsøm. Kurset koster kr 150.-. Påmelding her skjer når du kjem fredagen eller lørdag morgon. 

Dette bilde er frå ein av dei flotte solnedgangane vi hadde i sommer. 

Vi har hatt ein fantastisk flott sommer i år her i Florø og begynnelsen på hausten har vore like flott med gode tempraturer og sol, ja rett og slett berre nydelige dagar. Vi håpar selvfølgelig på ei flott helg når Vestlandstreffet  går av stabelen og, men vi kan ikkje love det. Men det vi kan love er at det vert ei kjekk helg i lag  med mange flotte quiltedamer, bugnande butikkar, kjekt og inspirerande foredrag med Kathrine Luthen og Helle Løwenskjold og ein flott festmiddag med godt gammaldags åresalg med flotte gevinstar. 

Det er selvfølgelig mulighet å komme på dagsbesøk til Florø for berre stikke innom for å sjå på utstillinga og handle i butikkane, kjøpe kaffi og kake, prate med kjende og ukjende.

Då gjenstår det å ynskje deg hjarteleg velkommen til ei helg fyllt til randen med inspirasjon og quilteglede. 

Florø, Norges vestligaste by, der skjer det helga 10 - 12 oktober 2014. 

For meir informasjon om treffet kan du klikke deg inn på dei forskjellige knappane øverst her på bloggen.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar