Våren er her, og vi dreg på tur………
Quiltegruppa
arrangerer tur for alle i Husflidslaget, og
turen går til Hjortesenteret på Svanøya.
No går eit
innhaldsrikt og aktivt arbeidsår mot slutten. Vestlandstreffet 2014 var eit
stort løft for oss, men vart eit
særs vellukka arrangement, både økonomisk og innhaldsmessig, med bl.a.
fantastiske flotte utstillingar laga av medlemmane våre.
STOR TAKK til alle dei
som bidrog til at det heile vart så vellukka.
Elles har vi gjennom vinteren hatt
mange fine temamøte med flinke instruktører frå eige lag. Det set vi umåteleg
stor pris på, og også dei fortjener ei STOR TAKK!
Men no står
våren/sommaren for døra og sesongslutt nærmer seg. Då er det fint å avslutte
med noko sosialt ilag med fleire. Vi i quiltegruppa er så heldige at Rannveig
Solheim er ein del av gruppa vår.
I år har ho invitert
oss heim til seg på Norsk Hjortesenter på Svanøy. Og ikkje berre quiltegruppa
er innvitert, men alle som er medlemmer i Husflidslaget. Det synest vi er
veldig flott, og sjølvsagt takkar vi ja til slikt!!

Dette gler vi oss
veldig til!
· Dato for turen er 1. juni.
· Vi reiser med rutebåt frå
Fugleskjærskaia kl. 16.00.
· Medlemmane betaler sjølve båtbilletten
og ca. kr. 100 til Rannveig.
· Quiltegruppa organiserer skyss på
Svanøy til og frå Hjortesenteret.
· Dato for påmelding er 21. mai.
· Påmelding til Oddveig Brendø, tlf.
41517202, eller
Solfrid Fløholm, tlf. 90932831, begge helst på SMS
Vårhelsing
Quiltegruppa v. Solfrid
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar