tirsdag 18. februar 2014

ENGLER I ALLE STØRRELSER

Mandag 17 februar var vi samla til quiltemøte, temaet var engler i alle varianter. Lillian losa oss trygt gjennom englesyinga. Denne gangen var vi tilbake på gamle trakter, Kreativiteten, ein god opplevelse
Her er litt av utgangspunktet for englesyinga

Kroppen er ferdig stappa og beina skal syast på

Her blir det sydd ein mini engel, stapping av beina pågår

Miniengelen som var under arbeid i forrige bilde er nesten ferdig

Lillian hadde med mange forskjellige engelar til inspirasjon og glede for oss andre

Inspirasjon, mange flotte engler og dukker

Menyen i kveld var svele med brunost og nokre med smørkrem. Smakte kjempegodt.

frukt blei også servert

Ein triveleg kveld i lag med triveleg damer.
Takk damer, kjekt å sjå kvar ein av dokke.

Neste medlemsmøte vert på Soltua 17 mars kl 19.00

mandag 10. februar 2014

QUILTEMØTE MANDAG 17 FEBRUAR KL 19.00


OBS! OBS! Denne kvelden blir møte på KREATIVITETEN . 

Vi kan desverre ikkje vere på Soltua fordi dei skal pusse og lakke golv . Det er veldig dumt at det traff slik men vi har då lånt Kreativiteten  for der er utstyr som vi treng, strykebord, strykejern, linjaler, matter osv. Godt å sleppe å dragse med seg alt dette.
 Eg skal passe på og sette på varme sån at der blir varmt og godt. Håper dette er greit for alle, dei har jo utbetra ein del der ute i det siste. 

Eksempel på kva vi skal sy

Denne kvelden skal Lillian Nygård vise oss korleis vi syr slike engler/dukker  som den på bilde over her som er ganske så liten, Ser du lenger nedover så er der bilde av ein litt større som du  og kan velge å sy.
Du skal ta med til dette:
Symaskin, blyant, blyantkvesser (sikkert nokon som har om du ikkje har) , limstift, papirsaks, hudfarga sytråd, vanlege sysaker, vlisofis ca 15 x 15 cm. Litt fyllvatt.
Stoff til kjole og vinger treng du og.
Lillian har med stoff og matriell til kropp og hår, for dette betaler du litt, ikkje over kr 30.- opplyser Lillian.
Ein heil flokk er samla her.
Ein litt større variant
Nærbilde av den største varianten.

Trur dette vert ein triveleg kveld med sying av desse koselige englene/dukkene.
Det vert og utloddning med fine gevinster, det er det Solfrid som tek seg av.
 Vertinnene denne kvelden er Oddveig og Iren.

Då gjenstår det å ønske deg hjarteleg velkommen til Quiltemøte på Kreativiteten mandag 17 februar kl 19.00.
Gleda oss til å sjå deg der.

Quiltehlesing frå styret
 

fredag 31. januar 2014

Mandag 20 januar starta vi oppatt med quiltemøtene. Det var 15 damer som kom denne kvelden og vi hadde ein flott kveld.  I kveld var det Solfrid som losa oss gjennom aktiviteten. Vi sydde microgrytekluter.
Har ikkje noko bilde av ferdig gryteklut men ein som nesten er klar. 
Her er ein som nesten er ferdig

Her reinklippes det før lukkekant/skråbånd syes på

Her er det og reinklipping. Mange forskjellige farger

I kveld som alltid hadde vertinnene diska opp med sunn og god mat. Frykt og grønt med dipp, kaffi og te

Ikkje alle sydde gryteklut men hadde med eige arbeid , her er det sekskanter sydd med amrikansk handsaum.

Utloddning stod og på programmet som alltid., det er liksom eit must på møta våre.
Takk til dei som var der for ein triveleg kveld.
Neste møte er 17 februar.

søndag 12. januar 2014

Quiltemøte mandag 20 januar kl 19.00 

Godt Nytt quilteår til alle!

Denne kvelden skal vi sy microgryteklutar . Ein kjekk liten sak å ha på kjøkkenet eller ved grillen til sommaren kanskje. Det er Solfrid som skal lose deg gjennom syinga i kveld. Matrialliste og bilde ser
 du  under her.

Dette treng du for å sy microgrytelapper

60 cm. x 16 cm.  stoff til utsida
60 cm. x 16 cm. stoff til innsida
1m. x 30 cm. bommullsvatt
1,6 m. skråband, det treng ikkje vere ferdige skråbånd, du kan skråskjere stoff og lage skråband sjølv.
Du kan sjølvsagt bruke same sort stoff til både utsida og inni, om du vil det

Slik ser grytekluten ut. Solfrid sin variant, frisk og fin i fargane.


Vertinner denne mandagen er Solveig Rønnekleiv Helle og Vigdis Kilvik

Vi  skal som vanlig kose oss med sying, kaffi/te, noko å bite, god prat og loddsalg
.
Du er velkommen til å vere i lag med oss denne kvelden.

Quiltehelsing styret

tirsdag 17. desember 2013

Julekos i Quiltegruppa

I går kveld var det 13 damer samla på Soltua til julekos. Kveldens vertinner som var Lillian og Bente hadde pynta med lys både ute og inne ja dei hadde laga det virkelig koseleg og juletete for oss andre. Veldig kjekt å komme der og føle julestemingen allerede ved inngangsdøra. 
Vi hadde og ein aktivitetet som Oddveig og Sonja hadde førebudd. Vi laga små stichery motiv som vi kan bruke på ein pose, veske eller lignande. Veldig koselig og kjekt med eit lite broderi ein slik kveld og kjenne på at roen senka seg over damene mens det blei servert julekaker, gløgg, kaffi/te.
Her følger nokre bilder frå kvelden
Inngangspartiet med tente lykter

Eit flott pynta bord

Detaljer frå bordpyntinga

Her er og detaljar frå bordpyntinga

På veggen var der og hengt opp bilder med julemotiv, koseleg

Vi ringer julen inn med fred og ro i sinn

Tradisjonen tru har alle med seg litt julebakst

julemanna

brune pinner

Ein flott pose sydd av Oddveig som viser kva vi kunne bruke sticherymotivet vi broderte til 

Eller vi kunne sy ein slik pose
(Dårleg bilde)

Her er Laila sitt broderi

Loddsalg er eit must på quiltemøta og da er det kjekt med flotte gevinstar, her har Gunvor laga Hellige Tre Kongers lys og gitt til loddsalget + at vi hadde mange andre flotte gevinstar.

Her viser Bente eit teppe ho har laga, sitt aller første som ho begynnte på, har ho no gjort det ferdig og det blei flott!!

Gjenbruk , Bente har her sydd eit flott teppe av svigerfaren sine gamle flanellskjorter.

Ein flott kveld er over og da gjenstår det bare å takke dei som stod for den på ein eller anna måte.
Vi møtes igjen over nyttår nærmere bestemt 20 januar til nytt quiltemøte.

STYRET ØNSKER ALLE EI GLEDELEG JUL OG EIT GODT NYTTAR OG TAKKER FOR GODT SAMARBEID I ÅRET SOM SNART ER OMME

torsdag 5. desember 2013

JULEMØTE I QUILTEGRUPPA MANDAG 16 DESEMBER KL 19.00 PÅ SOLTUA

Julemøte i Quiltegruppa  nærmer seg med raske steg…….. Du er hermed invitert til å vere med ……….vi skal kose oss med julekaker, kaffi/te og kanskje til og med litt Gløgg om du vilJ
Vi skal også denne kvelden ha ein liten aktivitet ………..akkurat kva det er for noko veit eg ikkje men du skal ta med deg: Sysaker for handsaum, blyant/tusj til påtegning av mønster på stoff og broderiramme.
Det vil vere matrialpakke til denne aktiviteten , koster kr 15.-.
Solfrid er klar med eit lite lotteri  så ta med pengboka.
Denne kvelden er det slik at alle tar med litt julekaker kvar så deler vi, alltid kjekt å smake på dei andre sine kaker.
Då er du hjarteleg velkommen til nokre timer ilag med likesinna midt i julestyret , du treng den pausen  J
Quiltehelsing
Sigrun, Solfrid og Laila

 

onsdag 13. november 2013

QUILTEMØTE MANDAG 18.11.2013 KL 19.00 PÅ SOLTUA

I kveld får vi besøk av Marit Bruland frå Trapp Ned i Førde .

Ho vil ha med seg forskjellige linjaler som ho vil demostrere . vise korleis vi med enkelhet lager skråbånd i forskjellige størelser…………

Ved å vrangsy ein firkant kan vi enkelt lage oss ei lita veske ……spennande
Det var eit ynskje i gruppa her ute om å sy ein liten pung med bøyle, det vert ikkje sydd men Marit vil vise korleis ein gjer det …… håper det er ei god løysing J

Marit vil og ha med litt forskjellig for salg denne kvelden så du må ta med pengeboka.
Kveldens vertinner er Åshild Seljeseth og Gunvor Åkre , dei vil nok ordne med noko å bite i .
Solfrid vil som vanlig ha klar gevinstane for kveldens loddtrekning :-) 

Du må selvfølgelig ta med om du har noke som du har sydd sidan sist , vis og fortell må vi ha, kjekt å sjå og bli inspirert.
Ellers så må du jo ta med deg eit håndarbeid som ein kan ha innimellom om det vert tid til det , godt humør er eit must på ein slik kveld.
Da ynskjer vi alle velkomne til ein trivelig kveld på Soltua JJJ


Solfrid, Sigrun og Laila